Humming Beez på Bøkkeren, laurdag 28. august
Hallvard Rød invitere til blues, rock og country på Bøkkerverkstaden laurdag 28. august. Hovudaktøren er Humming Beez i elektrisk utgåve. Skjenkeløyve er på plass. Det vert og ei utstilling av Per Flatøy. Tresnitt med tema kystkultur og kystlandskap. Dette er ei salgsutstilling. For dei som evt. berre vil sjå utstillinga, eller ha litt god tid, opnar denne kl 18. Oddrun Helvik vil vera til stades.
Hovudarrangementet startar kl 20.00. Legg ut 50 billettar a kr 300. Det er berre førehandssal. Billettar kan tingast: Hallvard Rød, mobil 91834015, eller på Messenger. Tek forbehald om smittesituasjonen og evt. nye restriksjonar. Hjarteleg velkomne.
Meir om Humming Beez og konserten kjem seinare.
Tekst/foto: Pressemelding henta på Facebook Nett: Kristian Bringedal