Eit grovt rekna tal, men borti 20 personar frå Uskedalen er med på hummarfiske. Fredag morgon, 1. oktober kl. 08.00, var det fyrste båtane lasta med teiner på veg ut til fiskeplassane. Sur og salta makrell er agn. I 2018 vart elles vedteke at hummarteinene skal ha nedbrytbar bomullstråd som rotnar etter nokre månader i sjøen. Den same regelen gjeld for leppefiske.

Elles er det viktig å kjenna til reglane for fiske etter hummar. Teina skal ha minst to fluktopningar, ei på kva side av teina. Opningane skal vera på minst 60 millimeer slik at hummar under minstemålet skal finna vegen ut. Hummar, som er mindre enn 25 centimeter, skal sejast ut att. Det same gjeld om hummaren har rogn. Då er hummaren freda.

Brot på desse reglane svir godt i lommeboka.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Bjarte Eik