Elevrådet skriv høyringsuttale om skulebruksplanen i Kvinnherad

Høyringsuttale 9 kjem frå Elevrådet ved Uskedal skule. Elevrådet har særleg merka seg formuleringar i planen og kva som vert sagt i videoen. Mange utsegner stemmer ikkje og Elevrådet tilbakeviser det dei meiner ikkje er sant. Elevane er nøgde med skulen og ynskjer å halda på dagens struktur. Les kva Elevrådet ved Uskedal skule skriv:

Kjære kommuneleiarar.

Høyringsuttale om oppvekstkår i Kvinnherad.

  1. De får det til a høyrast ut som om vi ikkje har nokon vener. Dette er ikkje sant. Vi har mange vener, både frå bygda vår og i andre bygdene, sjølv om vi ikkje går på same skule.
  2. Vi er ikkje så få i klassane våre. Vi er frå 11-17 elevar i klassane og det synes vi er akkurat passe. Det er mange ulike personar i klassane og det er ikkje slik at alle nødvendigvis likar det same, men vi inkluderer! Det er det som gjer oss til ein bra skule. Vi har eit godt samhald og vi bryr oss om kvarandre. I videoen høyrest det ut som at viss du går på ein liten skule, så er det veldig vanskeleg å få vener. Dette
    kjenner vi oss ikkje igjen i.
  3. I videoen seier dykk at ein ikkje kan komme seg lett rundt på skulane om du sit i
    rullestol. Dette er ikkje sant. Om du sit i rullestol, så kan du fint komme deg rundt på
    vår skule, for det er ingen trapper eller veldig smale gangar.
  4. I planen seier de at vi har slitne og dårlege leiker på skulen og i barnehagen. Dette er ikkje sant!! Det er fine og gode leiker på skulen vår og i barnehagen. I tillegg har vi eit veldig varierande og godt uteområde med både klatrepark, kunstgrasbane, skulestrand, skuleløype og tilgang til fjell.
  5. De seier og at far blir veldig sur for det er tolv minuttar lenger veg til jobben. Dette er heller ikkje heilt sant. Det er ikkje sånn at ein eksploderer om det tar tolv min. lenger tid til jobben. Vi synes at de framstiller far på ein dårleg måte.

Helsing Elevrådet ved Uskedal skule

Elevrådsmedlem Ebba Herman-Fossli har laga utkast og skrive det meste av fråsegna.
Tekst: Uttale
Bilete: Hilde Bringedal
Nett: Kristian Bringedal