Ekteparet Monica Helen og Remi A. Onarheim skriv uttale i saka om oppvekstkår i Kvinnherad. Familien er etablert i byggefeltet Ospelunden der dei har starta arbeidet med bygging av ny einebustad. Remi er nyvald leiar i Uskedal Utvikling. Fråsegna skildrar kvardagen for par som vil bu i Uskedalen. Då er skule- og barnehagetilbodet ofte avgjerande i vurderande om ein vel Uskedalen eller ei anna bygd som sin heimplass.

Innledningsvis vil me seia at me har vore involvert i Innspel frå Uskedal Utvikling, og kan støtta dette innspelet fullt ut. Grunnen til at me skriv eige innspel til høyringsdokumentet, er at Kvinnherad kommune utrykte interesse av og få unge/ nyetablerte til å sei si meining. Me har, som fleire andre den siste tida, flytta og etablert oss i Uskedalen. Der har me starta bygginga av ny einebolig i Ospelunden boligfelt, med tanke om å busetja oss i Uskedalen for godt.

Monica Helen kjem frå Uskedalen, mens Remi er gift med Monica og synes at Uskedalen vil vera ei eigna bygd å bu i. Me har ein son på snart 2 år som dette blir veldig aktuelt for, og me har sjolvsagt planar om fleire ungar som skal veksa opp i Uskedalen.

Monica og Remi er klar for bygging av ny einebustad i byggefeltet Ospelunden.

Det som lokka oss til Uskedalen, var å kunna bu i ei bygd med enkel tilkomst til barnehage og skule, samt nærbutikk og andre butikkar sentralt i bygda. Det å kunna la ungane veksa opp med ein trygg skuleveg og med barnehage og skule tett i tett slik at ungane vil få det enkelt og trygt når dei ein gong skal ta steget frå barnehage til skule.
Me ser no at fleire og fleire unge etablerer seg i nye boligfeltet Ospelunden. Dette veit me at fleire gjer av dei samme grunnane me har nevnt ovanfor. Og hadde det ikkje vore barneskule og/eller barnehage i Uskedalen, hadde me mest sannsynleg revurdert dette med å busetja oss i bygda. Å sentralisera barneskulane syntes me ikkje er eit fullverdig alternativ.

Det er nok lett å forstå at ein som foreldre ikkje vil senda ein 6 åring avgårde til busstoppet ved sidan av ein av dei mest trafikkerte veiene i kommunen, samt at denne ungen skal sittja 20-25 minutter på ein buss før ein kjem fram til skulen. Så i henhold til konsept 1 og 2 skule, bør det utarbeidast bedre konsept som tar meir hensyn til scenarioet nevnt ovanfor. I henhold til konsept 1 barnehage bør det og leggast til fleire konsept som syner viktigheten av at barnehage og skule ligg tett i tett.

Sidan me har valgt å etablera oss i Uskedalen, vil me sjølvsagt behalda det slik som det er no (Konsept 0). Me ser fleire gode og velvalte grunnar til at ved konsept 1 barnehage, så bør barnehagen bli i Uskedalen. Det bør vurderast å bygga på barneskule og barnehage i Uskedalen.

Her er nokre gode argument for at om barnehage og skule skal bli sentralisert mellom bygdene, så bør dette skje i Uskedalen:

  • Uskedalen er sentralt plassert i kommunen, midt mellom Rosendal og Husnes, noko som rettferdigjer reisetid for nære bygder som Omvikdalen og Bringedalsbygda.
  • Mange foreldre fra Rosendal/Omvikdalen har jobb på Husnes og køyrer forbi Uskedalen uansett, noko som gjer enkel adkomst for levering og henting i barnehage og skule.
  • Uskedalen kan skilta med relativt god standard på skule og barnehagebygg, Særleg uteareal er av god standard. Der har me kunstgrasbane, klatrepark, styrkepark, gode uteareal for skule og barnehage og aktivitetshall med blant anna klatrevegg inne, samt enkel og sikker tilgang til både sjø og skog.
  • Byggeland er det og godt med i Uskedalen. Rundt skule og barnehage eig kommunen areal, noko som vil forenkla ei evt. utviding av barnehage og skule.
  • Uskedalen har gang og sykkelveg gjennom bygda, busshaldeplass ved skule, plan for gang- og sykkelveg mot Børnes, nærbutikk som nærmaste nabo og enkel adkomst for levering og henting.
  • Nytt boligfelt vil vera attraktivt for unge å etablera seg i med tanke på adkomst til skule og barnehage, nærbutikk og det at unge folk med ungar allerede har etablert seg i Ospelunden boligfelt.

Vi håpar dette innspelet blir tatt med i vurderinga og at det viser at unge/ nyetablerte er engasjerte i skule og barnehagesaka. Det er trass alt dei/oss som er framtida i kommunen.

Tekst: Monica Helen og Remi A. Onarheim
Foto/nett: Kristian Bringedal