Skal representera Vestland Fylke i landsmønstringa i UKM.

Dei musikalske bragdene står mest i kø i familien Hermann-Fossli på Lislerud. Nyleg vart elstedottera Ebba europameister saman med HUBB. Same helga representerte søskena Ola og Anna Kvinnherad i fylkesfinalen i UKM, saman med 4 andre flinke kvinnheringar i ensemblet Honk Horns.
I dag kom gladmeldinga om at Honk Horns var plukka ut til å representera Vestland Fylke på Den nasjonale UKM-festivalen som går av stabelen i Trondheim 20.-24. juni.
Dei begeistra dommarpanelet og publikum i fylkesfinalen i Førde både gjennom utsøkt musikalsk framføring og framifrå sceneopptreden. Dette var altså så bra at dei blei plukka ut blant alle dei flinke aktørane frå heile Vestland. Honk Horns er samansett av to tolvåringar, Anna Hermann Fossli (kornett) og Avrora Zimina (saksofon), og 15 åringane Ola Hermann Fossli(tuba), Theodor Borretzen (trombone), Sigrid Lunestad Opland (kornett) og Arthur Zimin (slagverk), og dei spela dei to nummera Trafikk og Dixie Yoker, begge arrangert av Kirill Zimin.
Slagverkaren i bandet, Arthur, er eit stort trommetalent. Nokre hugsar kanskje at han imponerte stort på kyrkjekonsert her i Uskedalen for 7-8 år sidan. Han er også plukka ut til landsfinalen som solist.
Bildet over viser Honk Horns etter konsert i Rosendal.

Det blir ei særdeles travel helg på i alle fall 4 av musikarane, Ola, Sigrid, Theodor og Anna. Eg har høyrt at den 20. juni skal dei spela NM for skulekorps i Stavanger saman med Tysnes Skulekorps. Der skal også Ebba Hermann Fossli vera med. Her går det tydelegvis slag i slag med kjekke opplevingar.
Dei 7 musikarane har til vanleg Husnes Skulekorps, Uskedal Skulemusikk og Rosendal Skulekorps som sine hovudkorps. Dei er no aktive også i andre musikksamanhengar. Alle er, eller har vore, elevar i kulturskulen. Dette gjev godt grunnlag for flott musikalsk utvikling. Dei blir lagt merke til langt utanfor Kvinnherad sine grenser.

Ola og Anna like etter øvinga med Uskedal Musikklag i kveld. Begge er kjempeglade for gladmeldinga dei nettopp har fått.

Vi gler oss over dei flotte prestasjonane til ungdommane, heiar på dei når dei no får stadig nye kjekke opplevingar. Og før dei skal til både NM og landsfinale, vil Ebba, Ola og Anna saman med mora Monica og Uskedal Musikklag skapa fest i Uskedalen på sjølvaste 17. mai.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland