I tida etter asfaltering av Fylkesveg 500 har det vore eit hol i vegkanten, om lag ved avkøyringa til Beinavikjo. Holet har vore ved kumme på gang- og sykkelvegen. Holet har vore til fare om nok skulle falla oppi. Plassen var ei tid merka, ikkje i det siste. I dag var MESTA på plassen og utbetra skaden. Ved fresing i vegkanten vart det lagt inn ei plate med asfalt som topplag. No er holet tetta og det er ikkje lenger ein fare for trafikantane. Uskedalen.no skreiv fyrste gong om denne saka 11. februar i år.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal