Det er høg vasstand i dag, og då uskedalen.no var nedom båthamna til Uskedal båtlag i 14-tida, var det ikkje mykje som mangla på at vatnet stod på høgde med moloen(bildet over). Flytebrygga var om lag på høgde med arealet rundt, og ein fekk ein svak motbakke når ein skulle gå landgangen ut til flytebrygga.

Flytebrygga var på høgde med asfaltområdet like ved.

Vi observerte fleire båteigarar som var og sjekka fortøyningane på båtane sine, og fleire blir det nok som tar det oppdraget utover ettermiddagen. Det er venta mykje regn utover ettermiddagen. Vindstyrken er bris, men det vil blåsa opp i kuling i kasta i følge vermeldingane.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.