Uskedal Helselag hadde årsmøte i Gamleskulen måndag 15. februar. 2020 har på mange måtar vore eit unntaksår med Covid 19 og restriksjonar. Helselaget kan likevel syna til høg aktivitet med mange gode tiltak. Det manglar ikkje på arbeidsoppgåver, noko helselaget tek på alvor og løyser på sin måte. Eli Roseth Eik held fram som leiar.

Tiltak i 2020, også for det som vart avlsyt grunna Covid-19:

  • Servere frukt ved skulejoggen – Avlyst grunna Covid-19
  • Skulefrukost – Avlyst grunna Covid-19
  • Basar – Avlyst grunna Covid-19
  • Middag for eldre/einsame – Utsett grunna Covid-19
  • Sparløpet/Hjartemarsj – Avlyst grunna Covid-19
  • Demensaksjon vart avvikla som vippsaksjon grunna Covid-19
  • Sponsa førstehjelpskurs for 10.trinn ved Rosendal ungdomsskule i lag med
  • Seimsfoss/Rosendal/Løfallstrand helselag
  • Sponsa UIL med utstyr i bua på Heio (kr. 11.452,-)
  • Søkt midlar til helsedag ved Uskedal skule og fått tildelt kr. 5.000,- frå Midttunheimsfondet
  • 3 gonger på Rosendalstunet med kaker i høve «Syng med oss» – 2 avlyst grunna Covid-19
  • Koronakafè 6 gonger – 129 deltakarar
  • Kurs i Friskus – 2 deltakarar
  • Årsmøte i Friluftslaget, 2 deltakarar
  • Fylkesårsmøte – Avlyst grunna Covid-19
  • Brev til kommunen i høve tannlegekontor i Rosendal, saman med helselaga innante
  • Støttebrev til Sanitetsdamene på Varaldsøy
  • Støttebrev til Branntroppen i Uskedalen
Gågruppa i helselaget har vore aktiv heile året.

Laget har eiga Facebook-side der informasjon vert lagt ut.

Det vart pakka og send 50 stk julegåver til Valen sjukehus. Det vart kjøpt 10 stk meir enn planlagt som vart gjevne til personalet på Rosendals- og Husnestunet.

Rosendalstunet fekk blomeoppsats til påske – koronatiltak.

Uskedelingar ved sjukeheimane i Rosendal og Husnes, samt heimebuande i Uskedalen over 90 år, fekk juleblomar. Det var ingen uskedelingar ved sjukeheimen på Halsnøy og Ølve dette året. Juleblom vart også gjeve til Hagetunet.

Gågruppa, som starta i oktober 2010, er aktiv. Styrketreninga for vaksne/eldre, som starta opp hausten 2014, er framleis i gang. I 2020 har det vore 21 treningsøkter for totalt 171 personar. 14 stk har vore innom, snitt oppmøte på 8.

Møte i 2020:

  • 1 årsmøte
  • 2 styremøte
  • 1 lagsmøte
  • 1 regionsmøte
  • 1 temamøte om kreft
  • I 2020 tildelte laget midlar til desse formåla:
  • Hjartekar-forskning kr 10.000,-
  • Kreftforskning kr 5.000,-
  • Tuberkolose kr 5.000,-
  • Reisetilskot Tinestafetten kr 5.000,-

I 2020 tildelte laget midlar til desse formåla:

  • Hjartekar-forskning kr 10.000,-
  • Kreftforskning kr 5.000,-
  • Tuberkolose kr 5.000,-
  • Reisetilskot Tinestafetten kr 5.000,-

På årsmøte vart desse tidelt midlar for 2021:

  • Hjarte- /karforskning kr. 10.000,-
  • Kreftforskning kr. 5.000,-
  • Demensaksjonen kr. 5.000,-
  • Reisetilskot Tinestafetten kr. 5.000,-
  • «Mini-Anne» til skulen kr. 10.000,-
  • (Klassesett til trening i hjarte-/lungeredning)

Styret: 2021:

Leiar Eli Roseth Eik – Attval for 1 år (annakvar med nestleiar)
Nestleiar Jofrid Eik – Ny for 2 år
Kasserar Klara Bakke – Ikkje på val, 1 år att
Skrivar Randi M. Nybakk – Attval for 2 år
Styremedlem Line Soltveit – Ikkje på val, 1 år att
Varamedlem Astrid Haugse – Ikkje på val, 1 år att
Varamedlem Marian Hauso – Ny for 2 år
Revisor Karin S. Kjerpeseth – Attval
Revisor Haldis Åkra – Attval
Utsendingar til Friluftslaget: Else Marie Eik og Vivik Rimestad
Turnemnd: Eli Roseth Eik og Astrid Haugse

Valnemnd 2021:
Åse Myklebust (1 år att), Lene G. Skjelnes (2 år att) og Anne Guri Kildal

Demensaksjonen er eit fast tiltak i regi av Nasjonalforeningen.
Tekst: Henta frå årsmeldinga og referat
Foto/nett: Arkivfoto