Tysdag kveld kom det tikkande inn ei melding på Marit Hjønnevåg sin telefon om at Brødrene Hjønnevåg AS er gullvinnar i klassen for varmrøykt laks med produktet varmrøykt krydderlaks i NM i Sjømat. Varmrøykt krydderlaks er eit produkt Hjønnevåg har jobba mykje med for å få den konsistensen og smaken som produktet no har. Hjønnevåg er tidlegre tildelt ei rekkje medaljar i NM sjømatprodukt. I 2013 fekk dei 1. plassen i klassen pudding.

Dagleg leiar, Marit Hjønnevåg, fortel i samtale med uskedalen.no at å få topp-plassering i NM i sjømat er utruleg kjekt og inspirerande. Verksemda vert med dette vurdert saman med produsentar frå heile landet.

Produktet kan brukast til alle måltid, både kaldt og varmt. Kvar sommar brukar mange varmrøykt laks på grillen. Det er for mange ein «slager» å rekna.

Du finn varmrøykt krydderlaks frå Hjønnevåg i mange av matbutikkane i Kvinnherad

Her er dei tre beste i klassen varmrøykt laks:

  1. Brødrene Hjønnevåg As
  2. King Mikal Salmon / Mikals Laks
  3. Knutstad & Holen A/S

Alle vinnarane i alle klassane vart kontakta fredag 30. April.

Varmrøykt krydderlaks er eit produkt Hjønnevåg har jobba grundig med fram til eit gullvinnar produkt.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Hjønnevåg