Hjelpesendinga frå Kvinnherad og Uskedalen er vel framme i Korosten i Ukraina. THK henta hjelpesending i Uskedalen for to veker sidan. Det var omlasting til trailer frå Ukraina på grensa sist veke. I dag kom hjelpa frem til Korosten. Det var også 12 paller med syltetøy fra Lerum på lasta. THK stifelsen takkar alle for god støtte både økonomisk og materielt. Med dette fekk ein inn den fyrste hjelpesendinga til Korosten etter at krigen kom til Ukraina.

Bleier og sanitærutstyr er noko av det som var med på sendinga frå Kvinnherad.
Tekst/foto: Redigert og henta frå Facebooksida til THK
Nett: Kristian Bringedal