Uskedal helselag inviterer til ope møte måndag 21. september kl 1900 i Gamleskulen. Tema er hjelpemidlar, tilskot og tilrettelegging i kvardagen.

Av og til i livet kan ein ha trong for hjelpemidlar eller tilretteleggingar som gjer at ein kan støtte eigne funksjonar som har endra seg. Ergoterapitenesta i kommunen vår har stor kunnskap om mulighetane våre, og rettane våre, dersom det skjer endringar ved sjukdom og/eller skade. Det fins mange ulike tiltak som kan bidra til ein litt lettare kvardag.

Foredraget kjem i samband med Nasjonalforeningen for folkehelsen si demensveke. Demenssjukdom er ein av dei tilstandane som kan ha nytte av hjelpemidlar. Vidare kan det vere så mykje meir: hjelpemidlar fins i høve syn, hørsel, bevegelse og andre kroppsfunsjonar. Det fins hjelpemidlar i høve barnehage, skule, arbeidsplass og i heimen.

Uskedal helselag ynskjer velkommen til ein lærerik kveld i saman.

Foto: Nasjonalforeningen for folkehelsen
Tekst og nett: Elin Legland