Med bakgrunn i tidlegare innlegg har redaksjonen motteke fleire interessanne forteljingar om Uskedalselvo. Med andre ord: Elvo har sin historie som bør takast vare på. Det kan til dømes gå på vassføring, flaum, skade, førebygging, geologi, fiske, badeplassane, drukning og andre spesielle hendingar. Asgeir Andreas Bjelland har sendt oss to historiar om elvo og elvosen. Bjelland er fødd i Uskedalen i 1943 og budde her til 1957. Her kjem det fyrste innlegget Seinare kjem forteljinga om då Uskedal Musikklag skipa til dans på den øverste holmen i elvo.

Vi var næraste nabo til elvo, på småbruket «onde Eikjo», midt i sentrum. (Huset vart seld til Dagny og Olav Haugland.) På -50 talet var det to fine holmar nedanfor «Skulebruo» Dei høyrde til garden nedre Feet, og den nærast brua vart hausta for gras. Holmen var omkransa av bjørketrer og lupiner. Når elvo gjekk stor, var holmane nærast overfløymde, berre treo viste.


På den øverste var det ein E- verkstolpe, som høyrde til høgspenlina,
som gjekk på tvers av bygda. I eit fela uvær, vart det ein «feil» ute i denne stolpen. Straumen vart borte for mange. Då, som no, måtte “stolpemannane» trø til. Uskedalen sin mann på dette, meiner eg, bar namnet Mikal. Med tau rundt livet, stolpesko rundt nakken, og diverse verktøy i sekken, bar det ut i dei frådande vassmassane. Han fekk ordna feilen, og kom heilskinna, menn «søkkvåt» på land att, kald og utsliten.
Dagens helt.

Tekst: AsgeirAndreas Bjelland
Foto: Arkivfoto
Nett: Kristian Bringedal