Uskedal Musikklag held fram turneen sin på institusjonane i Kvinnherad. I dag var Halsnøytunet plassen for song og musikk i regi av Optimisten, ei gruppe frivillige på øya som deler på ansvaret med å skapa trivsel og glede på det som før var Dill kafeen. Veteranbandet stod for musikken og allsongen, framført i to avdelingar med kaffi og kake i pausen. Det kom uventa på mange då Kristian Bringedal synte fram ein original esskornett frå 1936 og fortalde at då Uskedal musikklag vart skipa det året, vart instrumenta kjøpt for kr. 400,- på Halsnøy. Musikklaget på øya, som var skipa alt i 1915, var mellombels nedlagt og uskedelingane nytta høve til innkjøp av dei brukte instrumenta. Det over 100 år gamle messinginstrumentet vekte stor interesse og fleire sikra seg bilete for Facebook og lokale nettsider. Neste institusjonsspeling med Uskedal musikklag er Husnestunet i april.

Esskornetten frå Halsnøy Musikklag ( skipa 1915 ) fekk stor merksemd på Optimisten i dag.
Veteranbandet Uskedal Musikklag på turne i kommunen med song- og konsertprogram.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Reidun Marie Fjelland Ludvigsen/ Kristian Bringedal