Ein god grunn til at bøkene i serien “Den nære fortida” er blitt så populære, er at mange finn interessanne bilde knytta til artiklane. Uskedal Historielag har som mål å fortsetja å krydra artiklane med bilde. Då treng vi hjelp. Det er mange som har bilde liggjande som kan heva kvaliteten på bøkene. Derfor oppfordrar laget til å ta kontakt slik at dei kan få låna bilda og skanna dei. Er de i tvil om bilda er av interesse, så ta kontakt for ein samtale med ein av skriftstyremedlemmene. Det meste er av interesse. Dei fleste tema er av interesse, men vi nemner her artiklar som kjem dei næraste åra. Bildet over er frå ungdomskubben si jonsokmoro1985, og viser jonsokkusk Bjørgulv Eik og hesten hans som var viktige i mange opptog med jonsokbrudepar i spissen. Eit tradisjonstrikt og flott arrangement på Stemneplassen.

  • Rabben Feriesenter, historia og livet der.
  • Kafè Anker og livet rundt. Uskedalen Gjestgiveri (Larsen) og Solheim Turiststasjon.
  • Livet rundt Mannsvatnet på 40-, 50-, 60- og 70-talet. Her ønskjer vi å presentera ein bildeserie.
  • Jonsokmoro og andre kulturarrangement i Uskedalen.
  • Fjellandsbøstemnet og andre misjonsstemne.
  • Strandstafetten. Frå dette tradisjonsrike arrangementet manglar vi mykje bilde.
  • Ungdomsklubben som Inger Lise Eidsvik og Kirsten Rød var i brodden for hadde mykje imponerande aktivitet som m.a. revy, programinnslag, burktmarnad og jonsokarrangement og anna.
  • Villendene, den jodlande og populære underhaldningsgruppa.
  • Utvandringa frå Uskedalen til Amerika.
  • Uskedalsdagane – her bør det vera mange kjekke bilde som illustrerer storarrangementet.
  • Gardsdrift og skogplanting i eldre tider.
  • Uskedal Vassverk.
  • Uskedal skyttarlag.
  • Ja, alt mogeleg er av interesse.

Ta kontakt med skriftstyret:

  • Thor Inge Døssland, 932 88 237, thordossland@gmail.com
  • Astrid Haugland, 958 20 080, astridhaugland@gmail.com
  • Svein Rimestad, 911 09 868, svein.rimestad@outlook.com
  • Harald Sætre, 907 59 186, harald@setre.net
  • Torkel Stensletten, 483 54 489, torkel.stensletten@gmail.com (Om utvandringa til Amerika)

Vi oppfordrar alle til å følgja facebooksida til Uskedal Historielag. Den har heile 719 følgjarar, og den vert jamneleg oppdatert. God å følgja med på aktiviteten i laget på.

Bok 1 og 2 kan kjøpast hos skriftstyret, Spar Uskedalen og hos bokhandlane i kvinnherad.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Fotoeigar: Inger Lise Eidsvik