Historielaget ønskjer idrettslagsbilde.
Uskedal Idrettslag rundar 100 år neste år
Uskedal Historielag er i innspurten med arbeidet med bok 4 i serien “Den nære fortida”. Det blir ei innhaldsrik bok på knapt 190 sider, og mange har alt sikra seg den ved å kjøpa den til redusert pris ved førehandsalg.
Parallelt med dette må det også arbeidast med den neste boka i serien som kjem hausten 2027. Mesteparten av stoffet er så godt som klart.
Sidan Uskedal Idrettslag fyller 100 år neste år, må det visa att i innhaldet. Det blir ein god del mimrestoff som fortel mykje om aktiviteten i laget gjennom desse åra. For at dette skal bli bra, treng vi bilde frå dei ulike aktivitetane, arrangement, publikumsoppmøte, anleggsarbeid, sentrale personar, ja, alt mogeleg som kan knytast til historia til idrettslaget.

For å få dette til, er det viktig at dei som har bilde hjelper oss. Det er viktig at dei ikkje utset å leita i gamle album, skuffer og skap. Di tidlegare vi får dei di betre. Bilda treng ikkje vera veldig gamle. Dei kan godt vera fram til år 2000. Til no er vi bra dekka med bilde frå turngruppa, men vi er interesserte i fleire bilde der og. Innan alt anna har vi for få bilde.
Vi bed berre om å få låna bilde, så skannar vi dei og leverer dei kjapt tilbake. Dersom vi får godt bildetilfang, vil det også bli ein eigen bildeserie i tillegg til det som blir brukt i artiklane.
Vi er sjølvsagt interessert i bilde frå alt mogeleg frå uskedalshistoria. I denne omgangen nemner vi: misjonsstemne, lagstemne arrangert i bygda, geitehald i eldre tider, husmorvikarane og skomakarane i bygda og frå Rødtunet og det som føregjekk der. Men elles: ALT MOGELEG!

Ta kontakt. Kom med bilde eller ei god historie til oss i Uskedal Historielag, Astrid Haugland (epost: astrid.haugland@gmail.com, mobil: 958 20 080), Svein Rimestad (epost: svein.rimestad@outlook.com, mobil: 911 09 868), Thor Inge Døssland (epost: uhl.skrivar@gmail.com, mobil: 932 88 237) eller andre i historielaget.
Hjelp oss til å ta vare på historia, og laga betre bøker.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland. Foto: Gunvor Myklebust og Kvinnheringen