Historielaget med "Drop in" på mandag.
Stikk innom Stemneplassen på mandag mellom kl.14 og 17.30.
“Drop in” er populært for tida, og no hiv også Uskedal Historielag seg på denne bølgja. Mandag 30. mars mellom kl.14 og 17.30 vil det vera folk frå laget på plass i møterommet på Stemneplassen. Dei håpar at folk vil nytta høve til å stikka innom enten med bilde, tips, avisutklipp/andre dokument, eller berre for å ta ein god prat.
Viss ein har 1, 2 eller få bilde, kan vi skanna dei på plassen, slik at ein får originalane med seg når dei går. Er det mange bilde, må vi låna dei nokre dagar. Hugs at berre eit bilde kan vera viktig for ei god historie så her må det ikkje nølast med å ta turen.
Bildet over viser Villendene i velkjent driv i eit avisutklipp frå Grenda. Vi har eitt betre bilde, men vi treng fleire.
Vi ønskjer lokalhistoriske bilde frå dei siste 40-100 åra innanfor alle aktuelle tema.
Stoffet til årets bok i serien “Den nære fortida” er no valt ut, og vi nemner nokre tema som det dermed hastar med å få inn bilde til: Uskedalsdagane, Villendene, gravferdstradisjonar og gravfølgje, gardsdrift i tidlegare tider, dei viktige jordmødrene, musikklagshistorien (særleg 1980- og 90-talet) og elles alt mogeleg frå det førre hundreåret. Ja, kanskje det dukkar opp eit blide knytta til den store leiteaksjonen etter Cloumann, til den store redningsdåden i Eikedalen eller bilde som kan knytast til dei årvisse fantebesøka. Eit bilde kan og skapa ein ny artikkel.
I tillegg til årets bok har vi no artiklar til 1 1/2 bok til så godt som klare så bildeinnsamlinga er viktig!
Det er stor interesse for arbeidet i historielaget. Det er vi veldig glade for, og det inspirerer. Vi er litt få i skriftstyret, og det hadde gjort kjempegodt om fleire kunne hjelpa til. Det er særdeles kjekt og interessant arbeid. Viss ein kvir seg med skrivearbeidet, er det mange andre oppgåver. Dette er og ting vi kan snakka om “Drop in”- dagen på mandag.
Kyrkja i Rosendal fekk 5 par gifte då dei nyleg inviterte til “Drop in”-bryllup. Vi håpar og på god respons. Og hugs: Eitt bilde kan vera viktig!
Velkomne!!
Tekst: Skriftstyret
Foto: Utklipp frå Grenda.
Nett: Thor Inge Døssland