
Historielaget inviterer til bildekveld.
Bilde frå Gardsarbeid i eldre tider, Uskedalsdagane og Fjellandsbøle.
Historielaget får inn mange kjekke bilde frå tidlegare tider. Det er veldig kjekt å sjå dei og mimra rundt det dei viser. Derfor vil no Uskedal Historielag invitera til uformelle kveldar på Stemneplassen der vi kan sjå bilde på “storskjermen” saman, drøsa litt og ta ein kopp kaffi.
Første kvelden blir mandag 14. april kl.19 på Stemneplassen, og då blir det vist bilde frå gardsarbeid før i tida, frå Uskedalsdagane og litt frå gardane på Fjellandsbøle.
Vi håpar at mange er interessert i å vera med på dette. Vi trur dette kan bli veldig kjekt. Vi blir også glade om nokon har med seg bilde.
Uskedal Historielag er alltid interessert i eldre bilde. Viss de ikkje kjem på mandag, er det berre å ta kontakt med ein i styret eller skriftstyret. (mobil: 932 88 237 eller epost: uhl.skrivar@gmail.com). Vi låner originalbilde, skannar dei og leverer tilbake etter kort tid.


Velkomne på mandag 14.april kl.19.
Tekst: Uskedal Historielag Fotoeigarar: Harald Sætre, Gunnlaug Eik, Inger Lise Vold. Nett: Thor Inge Døssland