Uskedal Historielag har no 28 registrerte medlemmer.

Facebook er ein god informasjonskanal for ulike lag og grupper. Slik er det også for Uskedal Historielag. Laget oppretta facebook-side i juni for eit knapt år sidan. Denne blir mykje brukt til å senda ut informasjon om aktiviteten, og i tillegg kan medlemmene av sida vera aktive i arbeidet. I går passerte facebook-sida heile 600 medlemmer, og i skrivande stund er talet 602.
Viss de har venner på facebook som kan ha interesse av arbeidet i Uskedal Historielag, er det fint om de inviterer dei til å lika sida.
På årsmøtet i februar hadde Uskedal Historielag vore i drift i eit år. Det blei då bestemt at laget skulle vera ein medlemsbasert organisasjon der medlemmene betaler 200,-kr i årskontigent. Det kan betalast med vipps til 76 38 03 (Uskedal Historielag) eller til konto 3207.37.52026. I begge tilfelle bør ein merka med “Medlemskap”. I tillegg til å støtta arbeidet i laget, vil dei som er medlemmer i laget også få nokre medlemsfordeler.På årsmøtet blei det bestemt at medlemsfordelene i 2023 er slik:

  • Kvart medlemskap vil gje redusert pris på 50,-kr på eit eksempar av bok 2 i serien “Den nære fortida” som kjem ut i haust. (For å unngå misforståingar understrekar laget at det ikkje er nok å vera medlem av facebooksida. Ein må ha betalt medlemskontigent til laget.)
  • Tilbod om kurs i skanning, fotobehandling, registrering, innsamling av minnestoff og arkivering.
  • Invitasjon til opne møte/turar med tema, inspirasjons- og læringsøkt

Bildet over er frå skannekvelden tirsdag denne veka. Elles er det aller meste av artiklane til bok 2 no klare til korrekturlesing, men skriftstyret ønskjer fleire bilde.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kristian O. Bringedal