Highasakite gjer ytterst få konsertar i 2024. Likevel kjem dei «heim» til Festidalen. Og sekken bognar over av mjuke og harde låtpakkar. Og showet er magisk som alltid! Bandet har tatt landet med storm. Allereie med plata, «Silent Treatment,» knuste dei alle rekordar og dominerte VG-lista i 134 veker. Sidan har dei toppa plakaten til alle landets store festivalar, seld ut arena etter arena, opptredd på Nobelkonserten og turnert verden over fleire gangar. Dei har gjort tv-shows og mekka filmmusikk. Og sjølvsagt vunne så mange prisar at det tyt ut øyra på dei. Alt dette er lett å forstå når du opplever Ingrid Helene Håvik og resten av gjengen live. Massivt og majestetisk. Elegant og effektivt. Deilig og dansbart!
Uttale frå Daidalos:

  • Dei har spikka ut hit etter hit og begeistra by og bygd frå Bremstølen til Bahamas. Highasakite er eit av dei viktigaste banda i landet dei siste 10 åra.
  • Det ryktast allereie at låtane Ingrid har mekka til kommande sesong av «Hver gang vi møtes» er rein magi.
  • I ei tid der verda står i flammar og økonomien tek kvelartak på vanlege husstandar kan det vera godt å sjå fram mot noko fint me har saman – og gjer saman. Det har vore heilt rørande å sjå publikumsutviklinga dei siste åra. Syngande og dansande. Sol og skyhøg stemning. Og pokker meg utseld!
  • Highasakite har lagt opp til ei massiv internasjonal satsing i 2025. Difor kjem dei berre til å gjera nokre få utvalde konsertar i heile 24. Så det er sjølvsagt svært stas for oss å bli prioritert.
    Melding frå Ingrid:
  • «Vi husker Festidalen som veldig gode opplevelser de gangene vi har spilt der tidligere, og GLEDER oss til å komme tilbake»
Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal