Fornying og utvikling av Auto 88 på Brekketoppen held fram. Det siste er klargjering for ny vaskehall. I denne veka vart det lagt betong i den om lag 70 rutemeter store vaskehallen. Børve mur og flis hadde arbeidet med å gjera golvet klart. Odda Betong var leverandør og Runar Myklebust frå Uskedalen stod for all transport og utlegging. Vaskehallen skal vera klar for bruk tidleg i april månad.

Klar for utlegging av betong i den nye vaskehallen til Auto 88.

I samtale med uskedalen.no kjem det fram at alt utstyret i hallen er nytt. Det vert tre pistolar ( lanser ) på kvar side. Den eine går på avfeitting, den andre er rein høgtrykksspylar, den tredje er for skumanlegget. Det vert delvis nytt betalingssystem. I tillegg til bruk av myntar, vil det vera kortautomat.

Golvet vert målt med epoxy. Hallen vert tilrettelagd for bubilar

Tekst/foto(nett: Kristian Bringedal