Her kjem det ballbinge.
Av to nærmiljøanlegg i kommunen er Uskedal Idrettslag prioritert som nr. 1 til å få Spelemidlar til ballbinge. Søknadssummen er kr. 200 000,-. I tillegg er dei tilrådd ei løyving på kr. 600 000,- frå den same ordninga til etablering av pumpetrack med lys. Nærmiljøanlegg er tenkt for eigenorganisert fysisk aktivitet. Anlegga skal vera for alle. Frå spelemidlar ordninære anlegg er Uskedal Aktivitetshus prioritert på sisteplass ( nr. 13 ) for rehabilitering. Søknadssummen er kr. 163 000,-. Det er Grenda som skriv om dette i dagens avis.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal