I morgon, tirsdag, er på ny representantar frå Uskedal Historielag på plass med eldre bilde på Kafè Tiaren. Der er der frå kl.11.30 og utover. Som vanleg har dei med seg permar med eldre bilde frå arkivet. Der er det mykje interessant å sjå. I morgon har historielaget også med seg ein bonus til dei besøkjande. Av Leif Arne Haug har dei nemleg fått låna den omfattande bildesamlinga etter Tordis Myklebust. I morgon har dei med seg det systematiske og kjekke albumet frå alle stemna den aktive dameturngruppa var med på, – frå både oppvisningar og den sosiale aktiviteten utanom det faste programmet. Kjekt å sjå att kjente ansikt slik dei var for nokre tiår sidan. Dette bør fanga interessa til mange. Bileta er systematisk oppsett med namn og kommentarar på baksida. Biletet over er frå Landsturnstemnet i Kristiansand i 1986.
Historielaget blir også veldig glad om nokon har med bilde som laget kan få låna til skanning. Dei set også stor pris på om nokon kan hjelpa til med namn på nokre bilde.

Frå kretsturnstemnet på Voss 1985.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Fotoeigar: Leif Arne Haug