Då er den tradisjonsrike helselagsbasaren tilbake som eit viktig innslag i Uskedalen slik det har vore i mange år bortsett frå to år med pandemi. Sist det var helelagsbasar var i 2019. Frammøte var som forventa og det var god gamaldags basarstemning i Helgheimskjellaren. Sekretariatet med Selma Eik og Klara Bakke hadde god styring. Opplesar var styreleiaren, Eli Roseth Eik. Andre sentrale medlemer hadde viktige oppgåver med å halda styr på avlevering av gevinstane. Etter opning med vårsongen No livnar det i lundar var det fire omgangar med åresal. Så var det klaffi/saft og kaker. Til slutt kom sal av talongbok og trekking av bøkene. Helselaget takkar alle for god støtte. Du finn oversikt over sponsorar og dei heldige vinnarane på Facebook Uskedal Helselag.

Klara Bakke og Selma Eik styrer det heile med fast hand.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal