Tysdag 7. mars kl. 19.00 skipar Uskedal Helselg til møte om gestaltterapi. Det er truleg mange som ikkje veit så mykje om denne terapiforma. Difor har helselaget invitert Marit Teigen til å koma på neste møte for å gje ei innføring i tema. Marit Teigen hadde fram til ho vart pensjonist mellom anna hatt arbeidet sitt i Kvinnherad kommune og ved Helse Fonna ( Valen sjukehus ). Uskedal Helselag ser fram til møte med Marit Teigen. I kunngjeringa deira på Facebook vert det sitert frå Store norske leksikon :”Gestaltterapi er en retning innen psykoterapi. Rettingen regnes som en alternativ behandlingsform ettersom ikke alle gestaltterapeuter er autorisert helsepersonell. Behandlingsformen har en helhetlig tilnærming til mennesket som kropp, tanker og følelser og et sterk fokus på den enkeltes opplevelser i øyeblikket.”

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Hen6ta frå Uskedal Helselag - facebook