Helselaget har utlodding til inntekt for demensforskning og lokale demenstiltak.

Uskedal helselag har fått nydeleg skjortesaum frå Berit Harriet Døssland. Skjortesaumen vert lodda ut i samband med Demensaksjonen 2026. Det er høve til å ta lodd på Vippsnummer 953153. Det er og basarbok på Zjakk om ein ikkje brukar vipps. Prisen pr lodd er kr 10,-.
Gevinsten vert trekt 21. september, på ope medlemsmøte i Gamleskulen kl 1900. Det er i etterkant av bøssebæring og i samband med at Uskedal helselag inviterer til foredrag.
Helselaget arrangerer foredrag ved ergoterapitenesta i kommunen på dette møtet. Tema er hjelpemidlar, tilskot og tilrettelegging i kvardagen. Vi trur at dette kan vere eit nyttig og interessant foredrag for alle, uansett alder og funksjon.
Foto: Karin S Kjerpeseth Tekst og nett: Elin Legland