Uskedal helselag bed aldersgruppa 65+ inn til adventsmiddag på Vertshuset Perla, tysdag 7. desember kl. 15.00. Dersom du treng fylgje, er det sjølvsagt høve til det. Det vert servert indrefilet av svin med det som høyrer til av grønnsaker og poteter. Til dessert får vi karamellpudding med kaffi eller te. For dette betalar du kr. 150,00. Sei frå dersom du har noko allergi ein må ta omsyn til. Vi vonar det er interesse for tiltaket. Meld deg på snarast, seinast innan 01.12.21. til Eli Roseth Eik tlf. 957 86 228. Bruk gjerne SMS.
Vi har 96 plassar så her er det «første mann til mølla» som gjeld.

Tekst: Uskedal Helselag
Foto: Elins Matgleder
Nett: Kristian Bringedal