Sjå kva Uskedal helselag skriv på facebook: Uskedal skule har i dag hatt helsedag. Me var heldige og fekk ta del i dagen, ved å servera fiskeburger, sponsa av Brødrene Hjønnevåg As og SPAR Uskedalen. Etterpå var det frukt til dessert. Elvane åt og koste seg ute i sola, men før det var det mellom anna opplæring i livredning og andre helserelaterte fag.. Det var ein veldig kjekk dag saman med høfflege og kjekke elevar. Vi kjem gjerne att. Helelaget vil nytta høvet å ønskje alle dei flotte folka ved Uskedal skule ein riktig så god sommar. Bilete på topp syner to helselagsmedlemer, Karin Saghaug Kjeråeseth og Anette Sund.

Vinnarane av hjartequizen.

Gode og helsesame fiskburgarar frå Hjønnevåg.
Tekst/foto: Uskedal helselag
Nett: Kristian Bringedal