Med bakgrunn i Regjeringa sin pressekonferanse i går, er det lette i restriksjonane. Dette gjeld mellom anna opning og utleige av lagshusa i Uskedalen. Rett nok gjeld meterregelen inntil vidare, men truleg vil det også her koma endring innan nokre veker. Uskedal Ungdomslag gjer kjend at Helgheim er klar for bruk og utleige. Talavgrensingane er borte og dermed kan huset brukast til det meste slik som bursdagsfeiring til både store og små, dåpsfeiring, møte, klubb, serviettbrettekurs m.m. Det er stort sett det meste kor ein framleis kan halda 1 meter avstand. Då er det berre å bruka fantasien og finna på noko der ein kan møtast. Dessutan vil utleige vera til stor hjelp for å få meir inntekter til lagsdrifta. Ansvarleg for utleige er Hildegunn . Du finn meir på uskedalen.no – tilbod – utleige.

Tekst/nett: Kristian BBringedal
Foto: Arkivfot