Hekketida til måsen på Birger Myklebust sitt tak er over. ” Mor og far ” har plassert dei tre måseungane på trappa til Birger. Dermed er inngangspartiet okkupert og berre dei med fuglesympati har tilgang. Plasseringa må reknast som ein mellomstasjon fram til ferda går vidare mot stranda og sjøen. Den eine måsen sit tett med ungane og passar på. Den andre sit ikkje langt frå, vaktar og sender meldingar om nokon kjem trugande nær. Ein måte å sjå det på er at Birger Myklebust har livvakter. Ingen treng prøva seg med uønska åtferd.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Berit Hermansen