Heio Cup er truleg det største arrangementet idrettslaget skipar til i løpet av eit år. Heio er til vanleg arenaen. Ikkje i år. Alt vart flytta til Kunstgrasbanen ved Uskedal skule. Til saman var det med 15 lag frå Uskedalen, Rosendal, Halsnøy og Trio. Arrangøren er godt nøgd med logistikk og gjennomføring. Ei stor takk til foreldre, besteforeldre og andre frivillige som hjelpte til med parkering, vakthald, salg og sjølve fotballturneringa. Det vart ein strålande fin dag i Uskedalen.

Fire banar var ibruk for å få alle laga gjennom denne turneringa.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal