200 born fordelte på 34 lag frå Halsnøy, TRIO, Rosendal og Uskedalen var med på Heio – SPAR cup i dag. Heio Cup er ein årleg fotballturnering for born i regi av fotballgruppe i Uskedal Idrettslag. Alle spelar anten 3 ar fotball eller 5 ar fotball. SPAR er sponsor. Alle vert premierte. Kjell Harald Tungesvik frå fotballgruppa i Uskedal Idrettslag er godt nøgd med arrangementet. Han vil særleg takka grunneigar Trond Lekva Myklebust som opna opp for meir parkeringsareale. Ei stund var det litt kaos. Det kom meir bil enn forventa. Dei fleste såg skiltinga og brukte vegen rundt dalen som einvegskøyring, opp på Døsslandssido, rundt Haugland og ned på Kjærlandssido.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kjell Harald Tungesvik