Kven har teke vare på heimelaga julehus og juledekorasjon tilbake i tid. Bilete syner julehuset Hans Reidar Kjærland lafta i 5. klasse på Uskedal skule. Artig er det også å registrera at to andre som gjekk i same klasse, Arne Johs. Haugland og Leif Arne Døssland, framleis har sine julehus av same type.
Redaksjonen er takksam om du sender bilete som syner heimelaga julepynt og installasjoar frå 1960 – 1970 talet. Det kan også vera laga på skulen, slik vi ser døme på i dette innlegget. Mange har gode minne frå julepynten som vert teken fram og som framleis er i bruk. Mykje er sjølvsagt gått tapt. Send til uskedalen.no.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Hans Reidar Kjærland