Nyskapinga Haustdag som Spar Uskedalen og Vertshuset Perla stod bak, blei ein skikkeleg suksess. Sjølv om arrangørane møtte nokre utfordringar som førte til endringar i det opphavelege programmet, blei sluttproduktet særs vellukka. Utstillarar med interessanne standar med gode, varierte og flotte produkt saman med god servering, kjekke aktivitetar og fin publikumsvennleg musikk gjorde det nye tiltaket til ein fulltreffar. Mykje folk møtte opp, og det verka som alle koste seg. Eg trur alle håpar på at dette tiltaket blir gjenteke!

Honning og nydeleg eplemost frå Eik Gard.
Friheim Gardsmat var på plass med dei gode varene sine.
Kjellaug H. Myklebust selde godt og gjekk tom for hardingekaker.
Monica Hansen i Mokka Design hadde ein flott stand.

Utstillarane var kanskje ikkje så veldig mange, men det var verkeleg kvalitet på dei varene som blei bydd fram. Alle utstillarane var også frå Uskedalen eller har sterk tilknytning til bygda. På veg inn i Vertshuset Perla møtte vi på mykje fristande i inngongspartiet. Eik Gard var på plass med både eplemost i ulike variantar og honning. Elins Matgleder frista med heimebaka kjeks og ulike typar heimelaga syltetøy. Friheim Gardsmat hadde med seg ein del av det gode utvalget sitt slik som spekepølser, middagspølser, blodpølse og fenalår. Mokka Design stilte med flotte plakatar, handlenett og anna frå sitt kreative utvalg. Lengre inne i gangen kunne vi få kjøpt gode eple frå Steinsletto og dei velsmakande hardingekakene til Kjellaug Hella Myklebust.

Inne i sjølve lokalet var Tove Myklebust Heggøy på plass med veldig mykje fint i strikk. Tydeleg at medeigaren på Rabben Feriesenter er både flittig og flink med strikkepinnane! Som standnabo hadde ho Morten og Sonja Frøynes (Snekkerboden) frå Odda. Dei hadde med seg veldig mykje flotte ting i trearbeid. Her var det muligheter til å kjøpa fine presangar. For dei som gjekk glipp av utstillinga i dag, kan vi nemna at Morten er tilbake i Kvinnherad om ein månads tid då det skal vere messe på Sunde. Sonja og Morten Frøynes er også kjende ansikt i Uskedalen. Dei har vore faste feriegjester på campingen i 10 år.
Alle rapporterte om godt salg, og nokre gjekk faktisk heilt tom for varer.

Tove Myklebust Heggøy hadde så mykje fine strikketing at eg fekk ikkje alt med på bildet.
Trekunstnaren Morten Frøynes hadde eit svært godt utvalg med seg.

For dei bilinteresserte var Rødsten Bilforretning AS på plass. På parkeringsplassen til Spar opp mot Gamleskulen hadde dei med seg eit spennande utval av nybilane sine.

Rødsten Bilforretning AS stilte med flotte bilar frå utvalget sitt.

Det var gode haustdags-tilbod både hos Gro Blomster og Spar Uskedalen. Det var også ulike aktivitetar. Synne Eikeland vann den rikhaldige godtekrukka som dei kunne tippa antalet i. Ho var berre ein i frå då ho tippa 117. Det var nemleg 116 godbitar i krukka. Det var også natursti over Dønhaug. Der blei fam. Miljeteig og Emilie og Andreas Åsheim Myklebust heldige vinnarar.

Hovudbasen for programmet for dagen var på Vertshuset Perla, og der var det fullsett med folk. Frå klokka nærma seg 12 då veteranbandet i musikklaget gjekk på scenen med ei frisk musikalsk reise frå Sotra til Capri, til programmet var slutt, må vi kunna seie at det var nærast stappfullt i lokalet.
Elin Enes og dei gode medhjelparane hennar hadde det travelt med å servera kaker, kaffi, suppe og pizza til publikum som verkeleg kosa seg. Rustne Menn avslutta den vellukka dagen. Dei hadde 2 sololåtar før og etter allsongøkta som i dag i sin heilhet var via Johannes Kleppevik sine mange fine viser. Ei flott avslutning på ein vellukka dag.
Både utstillarane, publikum, musikantar og initivstakarane Gunn Mari Moberg og Elin Enes kunne vera svært så fornøgde med arrangementet.

Rustne Menn stod for ei god avslutning på den flotte dagen.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.