Me hadde verkeleg gledd oss til ein humoristisk historietime i kinosalen på Husnes, torsdag i neste veke. Fire av sokneråda i Kvinnherad hadde gått saman og invitert Ryfylke Livsgnist til kommunen. Dei ville ta oss med på eit jubileumsspel i Hans Nielsen Hauge sine fotspor – 250 år etter hans fødsel.
Slik gjekk det ikkje

Med bakgrunn av smittesituasjonen her lokalt dei siste vekene tok me i går ei beslutning om at me utset framsyninga til våren. Det er ikkje kjekt å reklamere for eit arrangement der me på ein måte håpar det ikkje kjem for mange. Me har og eit inntrykk av at folk vegrar seg litt for å gå ut der ein kan møte mange andre nå, forståeleg nok.

Nye avtalar
Me har gjort nye avtalar både med Kulturhuset og Ryfylke Livsgnist. Så då er det berre til å notere seg fjerde torsdag i mars til neste år. Då skal me få læra, le og bli rivne med igjen, av dette historiske og humoristiske skråblikket på haugianismen. Me trur at jubileumsspelet kan hjelpa oss til å sjå kvifor me blei som me blei her i landet.

Dei som hadde kjøpt billettar får ein mail frå Kulturhuset med info når det gjeld refusjon av pengar o.l.

Pressemelding og foto: Kyrkjekontoret v/Jan Ove Fagerheim
Nett: Thor Inge Døssland