Mange er alt ferdig med håslåtten. Det er om lag som i fjor på desse tider. Det som står att, vil vera gjort innan ei veke. Det var god avling på fyrsteslåtten. Graskvaliteten er god. Det same gjeld for andreslåtten. Det er ei god utvikling, i alle fall for dei som driv med mjølkeproduksjon. Mange legg opp til ein tredjeslått innan utgangen av august eller i månadsskifte august/september.

Nokre slår med forhaustar og legg graset i tårnsilo, andre brukar siloballar. Metode nr. 3 er plansilo, slik det vert gjort hos Runar Myklebust på Myklebust. God forkvaitet har mykje å sei for ei god mjølking. Alt i eit kan vi sei at det lovar god grasberinga og haustinga denne sommaren. Bilete er frå håslåtten på Sandabakkane i sentrum.





Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal