Hardangerfjorden med sund og sidearmar skal ryddast for plast på ein dag. Det skal skje i september månad. Kenneth Bruvik, kjend frå program i riksmedia om plastproblemet, er primus motor. Med på laget har han mellom anna samarbeidsråd og regionsråd, skular, barnehagar, frivillige organisasjonar og næringslivet. Hardangerrådet og Samarbeidsrådet for Sunnhordland er tungt inne i prosjektet. Storsund er ei del av Hardangerfjordbassenget og skal ryddast. Bilete syner Hardangerfjorden fotografert frå Skorpefjellet med Varaldsøy i bakgrunnen.

Arkivbilete frå 2017 der Audun Eik og Kristian Bringedal rydda stranda i Uskedalen for plast og søppel.

På pressemøte i Rosendal i denne veka stod Kenneth Brukvik fram. Han la vekt på at plastrydding er eit felles ansvar og at tiltaket er viktig for miljøet og for dyrelivet i havet. Hardangerfjorden er den 5. største fjorden i verda og er langt meir forsøpla enn det vi ser og er klar over. No skal fjorden ryddast i ei lengde som går frå ytterst ute ved Espevær til Sima lengst inne i fjorden.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal