Salet av “Full Fart” har så langt gått over alle forventningar, og det meste av opplaget er selt. Dette skriv Harald Sætre på Facebook. Han har motteke mange kjekke tilbakemeldingar, spesielt frå Rogaland og Stavanger der hydrofoilbåtane var pionerar. Men framleis er det mogeleg å sikra seg eitt eksemplar eller fleire hos https://www.kapabelforlag.no/products/full-fart. I tida 1960 til 1986 var det ti hydrofoilbåtar i drift i Noreg. Sju av desse gjekk i Rogaland og Hordaland for reiarlag som HSD, Stavangerske og Sandnæs Damp. Boka FULL FART fortel alt om hurtigbåtane mellom Stavanger og Bergen fram til siste turen med Flaggruten i 2014. Harald Sætrre kjem frå Uskedalen, bur i Indre Arna og er ein aktiv medlem i Uskedal historielag, mellom anna som medlem i skriftstyret.

Tekst/nett: Kristinn Bringedal
Foto: Kababel forlag