Om nokre veker lanserer Kapabel forlag boka FULL FART. Boka handlar om hydrofoilbåtane og snøggbåtane i flåten til HSD og Stavangerske Damskibsselskap. Forfattar er Hatald Sætre frå Uskedalen, busett i Indre Arna. Hydrofoilane og snøggbåtane bygde som katamaranar var ein revolusjon innan samferdsla på sjøen. Snøggbåtane førte til at det vart slutt på dei tradisjonelle rutebåtane. Sju av totalt 10 hydrofoilbåtar i Noreg gjekk i ulike ruter i Rogaland og Hordaland. Det var i tida frå 1960 til 1986. Den siste snøggbåten som karamaran gjekk sin siste tur i 2014. Trygve Bakke frå Uskedalen hadde lang tenestetid som førar på HSD sine hydrofoilbåtar.

Harald Sætre har skrive ei rekkje bøker og artiklar om lokalutebåtane, HSD og om vestlandsbåtar. Han har over lang tid vore aktiv i fartyvernet lokalt og på nasjonalt plan. Veteranbåtane er ein viktig del av Sætre sitt arbeid administrativt og praktisk. Det siste er at Harald no skal vera redaktør for Damskibsposten, eit medlemsblad for 24 veteransskipslag og historielag i heile landet.

Av tidlegare bøker frå Harald Sætre tek vi med: Damp, diesel og pågansmot, Eit skip heitte STORD, Fram og tilbake over fjorden og Fram og tilbake til byn. No kjem så boka FULL FART som handlar om snøggbåtane i HSD og DSD sine rutedistrikt.

Boka FULL FART ! vert lansert om nokre veker.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Faksimile frå framsida på boka / Kristian Bringedal