Harald Nilsen Tangen er i strålande form. Den siste tida har han storspelt på Viking sin midtbane. Nok ein gong blei han kåra til Vikings beste spelar av Stavanger Aftenblad, og han skora også best på fleire andre børsar. Likevel hjalp det ikkje Viking i kampen mot Odd på Skagerak Arena. Dei måtte reisa heim til Stavanger med 2 – 3 tap trass i at Harald skapte håp då han reduserte til 1 – 2 i det 60. minutt.

Tapet skuldast først og fremst elendig forsvarspel ved Odd sine scoringar og elles i kampen. Det er ein svakhet på dette Viking-laget. Odd gjekk opp i 2 – 0 leiing etter mål av Markus Kåsa og Mushaga Bakenga sekundar før og sekundar etter pause. Ei nydeleg scoring av Harald Nilsen Tangen då han flukta eit innlegg frå Veton Berisha elegant og sikkert i mål i det 60. minutt skapte ny spenning i kampen. Det er den offensive midtbanespelaren sitt 3. mål for sesongen. Eit straffemål av Mushaga Bakenga gjorde at det ikkje hjalp noko i poengprotokollen at Veton Berisha scora etter 73 minutt.

Viking ligg no på 7. plass på tabellen med 18 poeng på 13 kampar. Dei har sleppt inn flest mål, 27. Brann har sleppt inn nest flest, 26. Til gjengjeld er det berre Molde og Bodø Glimt som har scora meir enn Viking sine 24.

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland.