Jorunn Toskedal skriv dette på sin Facebook i dag: “I dag er det 29. februar og dermed skotårsdag. Solåret er på 365,25 dagar og kalenderåret berre på 365 dagar, og difor må desse desimalane samlast opp til ein ekstra dag kvart 4. år. Dagen er altså eit slags oppsamlingsheat, for å seia det slik. Elles er det visst 3548 personar kan feira den “ekte” fødselsdagen sin her i landet i dag”. Difor spør vi: Har vi skotårsborn i Uskedalen og som med det kan markera fødselsdag i dag. Skriv nokre ord til uskedalen.no@gmail.com

Tekst/nett: Kristian Bringedal