Det nye året gjekk inn med det som må vera rekord når det gjeld fyrverkeri. Det starta tidleg på kvelden med mindre oppskytingar saman med borna og heile familien. Seinare kom det eit ras av fyreverkeri, frå kl. 23.45 og fram til ein halvtime over midnatt. Felles oppskyting i Kornses kl. 24.00 merka seg ut. Det var elles mange vakre fyrverkeri i Geilo og på Kråkehaugen/Neset, det same i den nye delen av Halsabrotet. Naudblusset over Ølve var synleg i år også, slik det har vore kvar nyårsafta i over 50 år. Så langt vi kjenner til, har det vore ei roleg feiring utan noko form for ulukker eller skade.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Egil Pile