Svanhill og Lars Haugland har levert elitemjølk i 25 år. Dette vart markert nyleg ved tildeling av prisen Mjølkespannet frå TINE. Elitemjølk er den høgste kvalitetsnemninga for norsk mjølk, vurdert med bakgrunn i jurhelse, hygiene og smak. Levert mjølk vert vurdert og kontrollert for medisinrestar ved kvar levering.

Arkivfoto frå ny fjøs med lausdrift og ved bruk av mjølkerobot.

Måndag 4. november var mjølkebønder frå heile landet samla til fest og prisutdeling på Lillestrøm. Svanhill og Lars var med på festen og markeringa på Lillestrøm. Ingfrid og Olav Øyre S. Øyre, også frå Kvinnherad, fekk den same tildelinga. Dei var ikkje med på Lillestrøm.

På Haugland er det 55 mjølkekyr i ny flor med lausdrift, automatisk foring og ved bruk av robot. Det var ei investering til 9 millionar kroner. Neste generasjon er klar til å overta drifta når den tid kjem.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto