Har ikkje bereevne til å tola 10 tonn akseltrykk.
Det er registrert avvik på tillaten aksellast og faktisk bereevne på nokre vegstrekningar i Uskedalen. Dersom ikkje det vert gjort noko med forsterking og utbetring, er det fare for nedklassifisering, noko som vil vera svært uheldig for næringslivet langs desse vegane.
I Uskedalen finn vi desse vegane på lista:
- Fv. 500 forbi Børneset
- Fv. 5038 Døsslandssido og litt forbi øvre Musland
- Fv. Uskedalsvegen frå parti ved elvosen til Beinavikjo.
Det er Næringsalliansen Vestland med totalt 17 næringsforeningar som sender skriv til Fylkeskommunen og påpeikar at noko må gjerast straks om bereevna på vegar og bruer skal tola 10 tonn aksellast.
I Uskedalen er det heilt naudsynt for landbruket og næringa elles at ein kjem seg fram med viktig last. De gjeld til dømes transport av kalk til kalkstasjoen, men også all transport innan landbruket. Om kort tid vert det biogasslevering. Alt i dag er ein over lovleg aksellast med det utstyret ein har i næringa.
Fylkesutvale har bedd om ei liste med prioritering over vegar det hastar mest med å få utbetra. Det er uvissst om Uskedalen kjem med på denne lista.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal