Som i fjor kjører Uskedal friluftslag vedlotteri til inntekt for drift av Stemneplassen. Veden er henta frå felling og rydjing som dugnadsgruppa har gjort på plassen. I februar blei den kappa, kløyvd og pakka i sekker før den blei sett til lagring slik at den er tørr og av beste kvalitet når lotteriet blir trekt på friluftskonserten den 10.august. 1.gevinst er 15 sekker, 2.gevinst 10, og 3.gevinst er 5 sekker god ved. På bildet over er Kristian Bringedal, Audun Eik, Tore Nordal Pedersen og Ove Myhre fornøgde etter å ha fått veden i sekker.

Her er dugnadsgjengen i full gang med veding i februar.

Ved å kjøpa lodd er de altså med å støtta den vakre stemneplassen som no framstår betre halden enn på svært lang tid. De kan senda støtte til Uskedal Friluftslag. De kan velja om de vil bruka konto 3460.07.53659 eller VIPPSA til 605565. Hugs å skriva namn. Då er du med i det store vedlotteriet som vert avslutta tysdag 10. august. Kr. 100,- er minstesummen, men du kan gjerne gje ei større gåve, og då aukar sjølvsagt sjansen for kvar hundrelapp.

Siste året har det vore gjort ekstra mykje godt arbeid på Stemneplassen. Møterommet under sceneplata er totalrenovert og oppussa, og framstår no i heilt ny drakt. Det er mykje brukt både til musikkøvingar, møte og til private arrangement. Leiga er svært rimeleg.

Uteområdet er rydja, pynta og pussa, og plenen blir jamnleg slått. Parkeringsplassen ved enden av vegen er også noko utvida. Det er veldig triveleg å koma opp til Stemneplassen no og sjå kor velstelt det er.

Styret i friluftslaget har også planar om å utvikla området vidare. Frå Sparebankstiftinga Kvinnherad har dei fått midlar til å laga turstiar opp til toppen av Skårhaug og lavvoen der. Nyleg var det synfaring på dette arbeidet.

Det er kjekt å vera vitne til den oppblomstringa dette anlegget har fått både i bruk og standard. Då er det viktig at vi støttar opp om dette, og det kan vi gjera ved senda vår støtte til vedlotteriet, enten ved å betala inn på konto(3460.07.53659) eller vippsa(605565). Hugs namn.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Gunnlaug Eik/Kristian Bringedal