I har starta arbeidet med eit tema i Uskedal Historielag held eg på og skaffar ein oversikt over mjølkerampane som var i bygda; – plassering og kven som leverte mjølk på kvar rampe. På den tida var det svært mange rampar i bygda, men etter det eg kjenner til er det no berre mjølkerampen på bildet som står att. Den er plassert der Gudmund Feet, Lars Feet og Mons Raudstein leverte mjølka si. Den er laga i stein og betong, men mange hadde treramme med steinhelle oppå.
Viss det er nokon som har bilde av gamle mjølkerampar, blir eg svært glad om dei tar kontakt. Eg kan enten kontaktast direkte(Thor Inge Døssland), via epost thordossland@gmail.com eller på mobil 932 88 237.
Eg håpar på god respons!!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland