Er det nokon betre i landet??

Audun og Liv Eik har heile 5 barnebarn som har tatt NM-medaljar i idrett. Fire av dei har til og med vunne gull slik at dei kan titulera seg som Norgesmeistrar. No lurer eg på om det finst sprekare besteforeldre i landet!!
Eldste dotter deira Sissel som bur i Oslo, har to døtrer, Sunniva og Tuva Eik Haave, som er heilt i den internasjonale toppen i klatresporten buldring. I Bergen bur den andre dottera deira, Kjellaug. Ho og mannen har tre barn som alle har gjort det særs godt i styrkeidrettar som vektløfting og kastøvingar i friidrett. Dei tre heiter Håkon, Vår og Edle Eik Litland. Siste gullmedaljen til familien sikra yngstejenta Edle på 16 år på Jæren i dag. Då vann ho sin klasse i NM for ungdom i vektløfting. Ho løfta 72 kg i rykk og 92 kg i støt. Sterke saker. Vi gratulerer!!
Så er spørsmålet: Er det nokon som slår Audun og Liv med 5 barnebarn med NM-medalje?? Det er i tilfelle litt av ein prestasjon!!
I tillegg er desse fem gode i andre idrettar og!

Edle Eik Litland på toppen av sigerspallen i NM på Jæren i dag.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Privat foto