På årsmøte i Uskedal Vassverk i går vart det markert at Hans Reidar Kjærland har vore styreleiar i 25 år ( t.h. på bilete ). Kjærland tok attval og held fram som leiar. Alle i styret tok attval. Dagleg leiar er Klara Bakke. Hans Reidar Kjærland er arbeidande styreleiar. Uskedalen kan sjå tilbake på 75 år med vassverk i bygda. Det vart feira med god marsipankake og kaffi.

Hans Reidar Kjærland sine 25 år som formann vart markert med at han fekk eit epletre (familietre med 4 ulike epleslag på same stamme).  Det vart understreka at han har styrt med stø hand, hadde takla alt viderverdig med ro – is i magen der det trongst – og god handlekraft. Styremedlem Svein Rimestad sa fram helsing til Hans Reidar.

Meir frå årsmøte med årsmelding kjem i eige innlegg.

Teks/nett: Kristian Bringedal
Foto: Marit Hjønnevåg