Hans Reidar Kjærland var sals- og markedssjef hos livbåtprodusenten Harding og seinaree Chat Harding i perioden 1982 – år 2000. På Facebook for kort sidan vart det lagt ut bilete av snøggbåten MS MIKKEL. Det er ikkje mange i dag som kjenner historien til dette fartyet og sytserskipet MS MIKKELINE betre enn Hans Reidar. Les kva Kjærland skriv:

Båttypen var konstruert og teikna av ing. Freddy Mikkelsen til minste detalj. Derav namnet Mikkel og Mikkeline. Harding utførte berre sjølve byggjeoppdraget. Båtane vart bygd i 1973 og 1974 på Ølve. Mikkel til persontransport mellom Nesodden og Oslo, og Mikkeline truleg bygd på spekulasjon.

Båten til Nesodden vart ein fiasko. Støy, vibrasjon og dårleg manøvrering gjekk att som eit problem. Harding kom med mange forslag til endringar under bygginga utan at konstruktøren tok omsyn til det. Det måtte gå som det gjekk. Båttypen var heilt ubrukeleg. Mikkel hamna så hos Askøy Bergen i ein kort periode, for så å bli selt til danske interesser og rutefart på Grønland.

Hans Reidar Kjærland, sals- og markedssjef hos livbåtprodusenten Harding i tilsaman 18 år. Bilete er henta frå julemøte i Uskedal Bondelag 2019.

Mikkeline låg framleis hos Harding då eg byrja i selskapet i 1982. Mange kundar var interessert, men etter ein prøvetur takka dei for seg. Båten fekk eg til slutt selt til Nils Agasøster. Det var hausten 1984. Han skulle bruka den i persontransport mellom Moster og Stord, i samband med oljeplattformer under bygging ved Aker Stord. Glad var eg når Agasøster for ut fjorden med båten og like glad vart Gerhard Skåla. Då eg trefte han morgonen etter på veg til Bjørke på arbeid. Vi møttest ved kyrkja og Gerhard stoppa bilen framfor meg og kom ut og takka meg opp i handa for at vi var blitt kvitt elendigheita. Dette hadde plaga han og selskapet i 10 år.

Det høyrer og med til historia at Mikkeline sokk ved kai på Moster same hausten. Båten kom i drift att for Agasøster. Om båtane flyt i dag, det veit ikkje eg.

Tekst: Hans Reidar Kjærland
Foto: Arkivfoto
Nett: Kristian Bringedal