Uskedalen.no takkar alle som har sendt oss informasjon om sjølvlaga julehus og juledekorasjon. Vi avsluttar serien med juledekorasjonen til Hans Kristian Eik frå Herøysundet. Han har farsslekta si frå Padlane i Uskedalen. Julehuset er laga heime i kjellaren, saman med borna hans. Julehuset ( 25 x 15 cm. ) med utedo er montert på ei plate med storleik på 40 x 50 cm. Det var noko putlearbeid med å på plass sagkrakken, hoggestabben og det tjørebreidde gjerdet rundt, laga av brakje. Det er montert lys i huset. Hans Kristian las på uskedalen.no om julehusa i Uskedalen laga på sløyden. Då fann han fram sitt eige julehus laga for 40 år sidan. Det er eit fint juleminne.

Tekst/nett Kristian Bringedal
Foto: Privat