Hanne Sophie Greve er neste førelesar i Kvinnherad Senioruniversitet. Komande torsdag kl. 11.00, i Rosendal samfunnshus.
Torsdag 16. april kjem Hanne Sopfie Greve til møte i Kvinnherad Senioruniversitet. Tema er Den allierte invasjonen som ikkje vart noko av. Bakgrunnen er boka hennar Villedet – om året 1942 då det meste gjekk galt for motstandsrørsla i Noreg.
Hanne Sopfie Greve er jurist, lagmann dr. juris og tidlegare dommar i Den europeiske menneskrettsdomstolen. Ho har vore engasjert i mennesekerettar og krigens folkerett i over 40 år. På oppdrag frå FN dokumenterte Hanne Sopfie Greve fokemord i Bosnia. Doktoravhandlinga hennar handla om flyktningar i Kambodsja, i det krigsherja Søraust- Asia. Greve har motteke ei rekkje prisar for arbeidet sitt, mellom anna Fritt Ords Pris. Ho er gjort til ridder, 1. klasse St. Olavs Orden.
På møte i Kvinnherad vil ho til innleiing fortelja om forsvaret i mellomkrigstida, om felttoget i Noreg 1940 og om garanti for alliert støtte. Nye arkiv og kjelder fortel at Noreg i mange tilfelle vart brukt i eit stormaktsspel, som brikker i andre sin krig. Den lova britiske invasjonen kom ikkje.
Hanne Sopfie Greve var nyleg gjest i Oslo Militære Samfund der ho løfta fram korleis norske motstandsfolk vart brukt i eit kynisk villeiingsspel. Ho kom også inn på dagens nasjonale sikkerhet og bruk av alliansar.
Med bakgrunn i året 1942 vil Hanne Sopfie Greve dra liner fram til vår eiga tid. Nasjonal sikkerhet kan ikkje berre byggja på alliansar, seier ho. Landet må forstå det internasjonale sjakkspelet og byggja ei motstandskraft og eit forsvar som er forankra i vår evne til å beskytta oss.
Som vanleg på møta i Senioruniversitetet vert det høve til spørsmål og drøfting. Det er matøkt.
Tekst/foto: Pressemelding Nett: Kristian Bringedal